torsdag 17. november 2016

Så alt, alt for lenge sidan eg la ut noko av Halldis Moren Vesaas...



LIVSHUS

"Bygg ditt dødsskip!" ropte D.H. Lawrence.
Ja visst, det skipet kan nok trengast om litt.
Men viktig er det óg å bygge sitt livshus.
Du har fått bygt i nesten all di tid på ditt.

Tidleg om morgonen kom du
til teigen som gøymde i si jord
dei steinane du skulle hente og gi form
og bygge av. Dine steinar heitte ord.

Gleda ved å bygge, og kjærleiken
til byggematerialet du har fått
er blitt større og større etter kvart
som ein lang dags timar har gått.

Men størst er nåden at det no, så seint,
enno kan skje deg at du finn
steinar til ditt livshus, og at du enno
maktar å forma dei og føye dei inn.


Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar