torsdag 27. oktober 2016

Vart overraska og litt små irritert på meg sjølv når eg nett oppdaga at eg faktisk ikkje har lagt ut mitt favoritt Jan Magnus Bruheim dikt...





Um å bera

Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.

Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.

Stor og verdfull er sorgi
som ikkje kan delast av andre.
Men fatigsleg, liti og arm er den glede
som du vil ha åleine.

Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.

Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn – –

Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.

 Jan Magnus Bruheim

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar