torsdag 15. september 2016

Har funnet fram ein av dei store favorittane mine igjen...




VED GRENSA

 Hit er eg komen. Lenger 
går ingen veg.
Bortanfor grensa
der bur Gud.

Det kveldar. Eg kviler.
Eg tør ikkje gå
der eg har gått.
Der er det inga von meir.

Eg vil ikkje snu.
Men før eg går over grensa,
vil eg eige den djupaste visdom
om landet der Gud bur.

Hit er eg komen. Blind.
No vil eg sjå
eller gå under og gløymast
ubrukt -

Tor Jonsson  
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar