tirsdag 29. september 2015

Mandagen er snart over, så eg har funnet eit Åse-Marie Nesse dikt eg ville dele før eg logge av...

LEGG IKKJE DITT LIV I MI HAND

Legg ikkje ditt liv i mi hand
om min kjærleik er svar
min kjærleik er også eit rop
i motvind

legg ein blom i mi hand
ein tusenfryd i dag
ein tistel i morgon
og den lækjande urt
som veks av tårer

legg ein fugl i mi hand
ein pjusket liten fugl
så stryk eg han vakker
og lærer han å flyge:
Kom tilbake når du vil

legg di hand i mi hand
så er vi sterke saman
så er vi svake saman
så er vi saman

men tyng meg ikkje ned
med din kjærleik
legg ikkje ditt liv i mi hand
lev sjølv

Åse-Marie Nesse

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar