torsdag 18. juni 2015

Har styrt unda Halldis Moren Vesaas heilt sidan februar, det er meir enn lenge nok...

Hundane

Da dørene stengdest
etter gjester som var gått.
og lampene vart sløkte
våga hundane seg fram
- ikkje dei foretne
frå rikmannshuset -
dei herrelause, sky og magre
frå gater og smog
var det som kom til han
og slikka hans sår
kanskje berre fordi
dei var svoltne, dei og,
men tungene deira var mjuke
og vaska bort sårskurv og våg
og lindra hans lange pine.
Han strekte seg ut,
hans augnelokk fall i
- ei mjuk tunge på dei og, straks,
som kilte så han nærpå lo.
Han retta ut ei famlande hand
mot skapningen som var han så god.
Men hunden som berre hadde kjent 
hender som slo
skvatt skremd i frå med eit kvink.
Handa fall mot golvet,
rørde ved ein labb, ein snute -
så vart ho still.
Dei som bar han bort
undra seg da dei fekk sjå
at liket av tiggaren var vaska
og at hans åsyn i døden
syntes så fredfullt og mildt.

Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar