tirsdag 7. april 2015

Dette er ein slik dag som rett og slett treng ein telemarks forfattar...


Alle dei vårar 

Sa steinen:
Er eg kald?
er eg hard?
eg – som fangar soli inn
og let mosen få jord?
Sa mosen:
Er eg trist
er eg grå?
eg – som let linnea vandre på meg?
let ho leike med rosa klokkur?
Sa linnea:
Er eg veik
lett forgjengeleg?
eg – som fær auga til å vente
vente på alle dei vårar?
Auga
stirer stirer -
lengst inni seg samlar dei lykke
- den varme lykka -
frå steinen frå mosen
frå vesle linnea -

 Aslaug Vaa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar