tirsdag 17. februar 2015

Har ikkje posta Halldis Moren Vesaaas på lenge nå ...

Eg kviskrar ditt namn

Eg kviskrar ditt namn i den store natt.
Det er alt eg eig.
Det er alt det lys eg veit om i natt,
eg tenner det no, ditt namn, ditt namn.
Men natta er mørk som før.

Mitt sinn er ein loge avdi du er til
– er til, men er ikkje her –
og blodet ein blome, heit og still,
utsprungen fullt i natt
til fåfengt å ange, for ingen.

Ustanseleg gir eg, berre med det at eg er,
mitt sinns lys, mitt blods eld
til natta aleine.
Men natta er kald som før.

– Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar