fredag 18. oktober 2013

Monsun tid og regn i Thailand i dag, då e da berre ein ting å gjer, berre eit dikt som gjer nytta...

...på skikkelig sure og triste regnværs dagar er det einaste diktet som kan lyse litt opp eit barnedikt...
sjølv om det ikkje er norsk vår rundt meg, men monsun i Thailand, så måtte Rune Belsvik fram i dag...



”Sølesong om våren”.


Sjå kor allting smeltar no, no tinar fuglesongen,

Sjå kvar snømann veltar jo, og der ligg den ballongen,

Der ligg spaden frå i fjor, der står naboen og glor,

Og kyrne utpå bøen, no stig dei fram or snøen.

Hopp og sprett i sølepytt, ut å skli – inn og bytt.

Jammen santen tullefanten, hoppa i på nytt.



Blomane spring ut igjen, me fangar dei i vase,

Kjell får fotballsko og skjenn, og kviser på si nase,

Kom, me klatrar heilt til topps, kanskje får me kvar vår drops,

Og plasterlapp på kneet, viss me fell ned frå treet.

Hopp og sprett i sølepytt, ut og skli- inn og bytt,

Jammen santen tullefanten, hoppa i på nytt.



Jammen er det våren, du, ja, no er han tilbake,

Kor kan han ha vore, tru, med sol og sølekaker?

Alt som glei står no i ro, akebrett og glatte sko,

Mens kyr og ungar brølar, og veltar seg i søla.

Hopp og sprett i sølepytt, ut og skli- inn og bytt,

Jammen santen tullefanten, hoppa i på nytt.

Rune Belsvik


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar