fredag 3. mai 2013

Eit Bente Bratlund Mæland dikt eg har tatt fram igjen og igjen og igjen...

Møte

Møtte deg.
Du var trøytt. Andletet ditt bar spor
av gøymt smerte. Ting du hadde sett
inn i. Mål du ikkje hadde nådd.
Ein dirrande varme fylte meg. Eg
ville strekkja handa fram og røra ved
runene i andlete ditt, varsamt.
Vi sto der, nær einannan. Oppfatta
tause, uuttalte signal. Blikka våre
møttes nokre korte, sterke sekund.
Med avstand, innlært, høfleg sende
vi orda mot einannan. Men bak orda,
i orda, møttes vi, taust, nakne.
Eg gjekk frå deg med ei litt opnare
dør - mot livet.

                      Bent Bratlund Mæland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar