tirsdag 5. juni 2012

Halldis Moren Vesaas kunne skildra kjærleik...


DINE ORD

Dine ord
ville eg lese
slik som dei blinde les:
med fingertoppane
leite meg fram
ord for ord, inn mot deg.

Med synet finn eg
berre dei skrivne teikn
I kjensle og hud
kanskje minnet om deg
let meg få kjenne deg nær
kjenne deg att
kjenne deg

om eg fekk drikke inn dine ord
gjennom dei tørste tørste fingertoppar

                         Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar